Fjernar formulering

Møre bispedømeråd vil endre utlysingstekst.

Møre bispedømmeråd behandla i dag spørsmålet om utlysingsteksten i stillingsannonsar. Bilete: Møre bispedøme

Møre bispedømeråd behandla på møtet sitt måndag saka om «Innhenting av opplysningar om samlivsform ved utlysing av proste- og prestestillingar i Møre».

Møre bispedømeråd har i sine utlysingstekstar over tid informert om at opplysningar om samlivsform kan bli innhenta og vektlagt ved tilsetting, jfr Likestillings- og diskrimineringslova §30. Heimelen til å innhente opplysningar om samlivsform er i liten grad vore praktisert.

Etter avrøystinga på møtet 12. september vart det vedteke å fjerne formuleringa. Møre bispedømeråd vil difor endre utlysingstekst i tråd med praksis og intensjon. Formulering i utlysingstekstar om samlivsform vil for framtida bli tatt bort.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"